Meny
Velg seksjon Forside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send oss e-post
Redaktør: Håvard Østhus
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
SU og SMU

NB! Referat frå SU finn du HER og referat frå SMU finn du HER.

Kvar grunnskule skal ha eit samarbeidsutval (SU). På Fogn oppvekstsenter har me eit felles SU for barnehagen og skulen. SU skal vere eit rådgjevande og samarbeidande organ mellom foreldre og barnehage/skule. Dei har rett til å uttale seg i alle saker som gjeld skulen, og vert brukt som høyringsinstans for politikarane i viktige saker som t.d. utbygging og klassedeling.

Etter Opplæringslova skal utvalet ha to representantar for elevane, ein representant for undervisningspersonalet, ein representant for andre tilsette ved skulen, to representantar frå dei tilsette i barnehagen, to representantar frå foreldrerådet i skulen to representantar frå foreldrerådet i barnehagen og to representantar frå kommunen, der den eine må vere rektor ved skulen.

På Fogn har me den praksisen at representantane frå foreldrerådet i både barnehage og skule kjem frå FAU (Foreldrerådets Arbeidsutval). I tillegg til rektor vert ein kommunal representant sett ned av kommunestyret.I tillegg til SU skal kvar skule ha eit skulemiljøutval (SMU) som tek aktivt del i arbeidet for å skapa eit godt skulemiljø. På Fogn består SMU av representantar frå SU, på ein slik måte at elevar og føresette er i fleirtal.

Les kva Opplæringslova seier om SU og SMU ved å klikke HER.

SU ved Fogn oppvekstsenter består i 2018-19 av desse medlemmane:

Thea Hovda Rørheim (elevrepresentant)
James Alexander Kvamsøe Stensnes (elevrepresentant)
Stig Morten Sangedal (representant frå skuleforeldre)
Pål Rune Grønås (representant frå skuleforeldre)
Marianne Skregelid Bø (representant frå barnehageforeldre)
Isabelle Alexandra Kvamsøe Stensnes (representant frå barnehageforeldre)
Tora Sandanger (representant frå tilsette i barnehagen)
Elisabeth Rygg (representant frå tilsette i barnehagen)
Anne Martha Straumstein (representant frå andre tilsette)
Jakob Bø (representant frå lærarane)
Dag Olav Sæbøvåg (verneombod, møter ved behov)
Jon Olav Runestad (kommunal representant)
Håvard Østhus (rektor og kommunal representant)

Pål Rune Grønås er leiar og Stig Morten Sangedal er nestleiar av SU 2018-19.

SMU ved Fogn oppvekstsenter består i 2018-19 av desse medlemmane:

Thea Hovda Rørheim (elevrepresentant)
James Alexander Kvamsøe Stensnes (elevrepresentant)
Stig Morten Sangedal (representant frå skuleforeldre)
Pål Rune Grønås (representant frå skuleforeldre)
Jakob Bø (representant frå lærarane)
Dag Olav Sæbøvåg (verneombod, møter ved behov)
Jon Olav Runestad (kommunal representant)
Håvard Østhus (rektor og kommunal representant)


Pål Rune Grønås er leiar og Stig Morten Sangedal er nestleiar av SMU 2018-19.