FAU står for Foreldrerådets Arbeidsutvalg. Foreldrerådet består av alle foreldra på oppvekstsenteret. Desse vel to representantar frå kvar gruppe (barnehage, 2.klasse, 3.-4. klasse og 5.-7. klasse) som skal vere klassekontaktar, og medlemmer av FAU.
FAU skal altså jobbe med dei sakene som kjem fram i foreldrerådet. I opplæringslova §11-4 står det at Foreldrerådet skal fremje fellesinteressene til foreldra og medverke til at elevar og foreldre tek aktivt del i arbeidet for å skape godt skolemiljø. Foreldrerådet skal arbeide for å skape godt samhald mellom heimen og skolen, leggje til rette for trivsel og positiv utvikling hjå elevane og skape kontakt mellom skolen og lokalsamfunnet.