Meny
Velg seksjon Forside
Fogn 4164 Fogn
Telefon: 51 71 46 80 Send oss e-post
Redaktør: Hilde Folkvord Juul
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Elevrådet

I opplæringslova § 11-2 står det: 

"Ved kvar grunnskole skal det for årstrinna 5-7 og for årstrinna 8-10 vere eit elevråd med representantar for elevane. Kommunen fastset talet på elevrepresentantar. Representantane skal veljast seinast tre veker etter at skolen har teke til om hausten.

Ein medlem av undervisningspersonalet på skolen skal ha som oppgåve å hjelpe elevrådet i arbeidet. Denne elevrådskontakten har møte- og talerett i elevrådet.

Leiaren for elevrådet kan kalle inn til møte i rådet i samråd med elevrådskontakten. Rådet skal i alle høve kallast inn når ein tredel av medlemmene i rådet eller rektor krev det.

Elevrådet skal fremje fellesinteressene til elevane på skolen og arbeide for å skape godt lærings- og skolemiljø. Rådet skal også kunne uttale seg i og komme med framlegg i saker som gjeld nærmiljøet til elevane." 

På Fogn skal det vere 3-6 elevar i elevrådet, representert frå alle klassegruppene i 1.-7. klasse. I forkant av elevrådsmøter, har klassane klassemøte om saker. Elevrådet har eit eige årshjul med oversikt over aktuelle aktivitetar og saker.

Elevrådet består i skuleåret 2018-19 av desse personane:

Ingeliv Dorthea Semb (1.-4. klasse)
Johanna Bø (1.-4. klasse)
Henrik Bø Sevheim (5.-6. klasse)
Thea Hovda Rørheim (5.-6. klasse)
Josef Bø (7. klasse)
James Alexander Kvamsøe Stensnes (7. klasse)

James er leiar, og Thea er nestleiar, og desse to møter difor i SU og SMU. Josef er 1. vara, Henrik er 2. vara, Johanna er 3. vara og Ingeliv er 4. vara til SU og SMU.