Meny
Velg seksjon Framside
Eidsv. 7 4230 Sand
Telefon: 52 79 22 00
Redaktør: Mirela L. Moe
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Vedtektar for kommunalt foreldreutval (KFU) i Suldal

 § 1.      Føremål1.1.            
Kommunalt foreldreutval KFU for grunnskulane i Suldal skal vera eit samordnande og koordinerande organ for dei ulike foreldreutvala (FAU) ved grunnskulane i Suldal. 

§ 2.      
Oppgåver 2.1.            
KFU Suldal skal arbeida for å auke forståinga og samarbeidet mellom heim og skule.2.2.            KFU Suldal skal målbera foreldra og skulane sine interesser ovafor kommuneadministrasjonen og politikarane.
2.3.            
KFU Suldal skal driva informasjonsarbeid og vera eit bindeledd mellom dei ulike grunnskulane i kommunen, slik at det kan føra til erfaringsutveksling og foreldresamarbeid mellom skulane.
2.4.            
KFU Suldal skal koordinera praktiske tiltak som til dømes natteramnar ved fellesarrangement i kommunen. 

2.5.

KFU Suldal skal vera eit høyringsorgan på vegne av forelda ved alle grunnskulane i kommunen.

§ 3.      Organisering
3.1.            
KFU er sett saman av leiar og nestleiar i FAU frå kvar av grunnskulane, men andre foreldrerepresentantar kan vera varamenn. Politikarar, representantar for kommune- administrasjonen eller andre kan kallast inn til møta, og har tale- men ikkje røysterett.
3.2.             
Så snart dei lokale FAU er konstituerte om hausten, og seinast innan 1. oktober, bør det kallast inn til årsmøte i KFU, der det vert vald leiar og sekretær. Desse vert valde for eitt år om gongen. 

§ 4.      Arbeidet i KFU
4.1.            
Sakliste skal sendast ut minst ei veke på førehand, men i ekstraordinære høve kan det kallast inn på kortare varsel.
4.2.            Saker som vert tekne opp til votering, vert vedtekne med simpelt fleirtal. KFU er vedtaksført når minst halvparten av medlemene er til stades.
4.3.            Det skal førast protokoll frå møta, og denne skal sendast til rektor, leiar og nestleiar ved FAU på kvar enkelt skule og eventuelt andre som har vore møtedeltakarar, samt til kommuneadministrasjonen. 

§ 5.      Praktiske funksjonar
5.1.            
KFU bør arbeida for å få hjelp til kopiering og utsending av dokument av den kommunale administrasjonen. Innkallingar, sakslister og godkjende protokollar skal publiserast på KFU sin heimeside: http://www.minskule.no/kfau/

§ 6.      Vedtektsendring
6.1.            
Endringar av desse vedtektene kan ein vedta på årsmøtet med 2/3 fleirtal. Framlegg om endringar skal vere utsende på førehand. 

Vedteke på møte 25. mars 2003 

Revidert på møte 13.nov 2017