Meny
Vel side Klasse 1 a
Sagstadvegen 76 5918 Frekhaug
Telefon: 56 17 13 00 Send e-post til oss
Redaktør: Magne Lædre
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Elevane laga mønster med det dei fann i naturen.

Eit innsyn i ein gymtime med 1. trinn. Elevane er så engasjerte uansett kva for aktivitetar vi har.

Dagen kom og gjekk like fort. 100 dagar hadde vi gått på skulen og vi feira talet 100. Vi starta dagen med ein KICK START, rettelse TL-KICK OFF og lærte oss fleire nye, kjekke leikar. Etterpå gjennomførte vi utfordringar med fokus på talet 100.  Her er nokre av dei:

- Stirr på sidemannen din i 100 sekunder, og prøv å ikkje blinke først (var kun 6 stk i klassen som klarte det - veldig stolt gjeng)

- Kor mange gonger kan du skrive namnet ditt på 100 sekunder? Lat oss finna det ut. (nokre hadde kortare og nokre lengre namn, men dette stoppa oss ikkje)

- Raske rumper – klarar du å sitje på alle sine stoler før det har gått 100 sekunder?  (ja, det klarte vi)

- Plukke eple – lat som om pulten din er eit epletre. Kor mange epler kan du plukke på 100 sekunder? (alt frå 25-200 epler kvar elev)

- High five! Klarar alle i klassen å gi kvarandre high five før det har gått 100 sekunder?  (Yes, denne klarte vi også!)

 

Ellers koste vi oss med å lage 100 dagars biller, leikte og koste oss med både is og kake. Tusen takk til dei som bidra! 

Elevane koste seg mykje og alle var svært fornøyde med dagen. Nokre meiner vi før ha 1000 dagars fest også, sjølv om det er ein stund til ennå. ;-)

 


Hei! 

Her er nokre bilete frå førjulstida. Litt vel forsinka, men kjekt likevel håpar eg. :-)


Torsdag 28/9 kl 17-18.30 arrangerer vi klassetreff for 1A i fysakhallen. Sjå facebookgruppa for meir informasjon.

Håpar så mange som mogleg kan!

- Helsing klassekontaktane i 1A


Velkommen til alle elever og foreldre i 1A!

No er det endeleg dykkar tur å starte på skulen og det vil bli eit spennande år!

Vi skal bli godt kjende med kvarandre og lære mange nye ting. Vi skal lære bokstavar og tall. Vi skal lære å lese, å skrive og rekne. Vi skal leike både inne og ute, gå turar og lære oss mykje anna. Eg håpar de ser fram til å byrje i fyrste klasse. 

I byrjinga vil det komme mykje informasjon, men berre spør om de ikkje får med dykkar alt. Skulle det vere noko, må dykk berre ta kontakt.

Lekseplanen vil ligge i den raude meldemappe som elevane får ut fyrste skuledag. Der vil det komme informasjon om det skulle skje noko speiselt i laupet av veka, viktige beskjeder og kanskje litt om kva vi har gjort på veka før. Leksene vil også ligge der.  Lekseplanen vil også ligge digitalt på heimesida kvar veke. 

Eg gler meg til å møta alle saman igjen! Snakkes snart!

- Sarita, kontaktlærar i 1A