Meny
Vel side Klasse 7 b
Sagstadvegen 76 5918 Frekhaug
Telefon: 56 17 13 00 Send e-post til oss
Redaktør: Magne Lædre
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Ei jentegruppe på 7. trinn har jobba med vennskap. Det har vore ein kjekk og lærerik prosess. Ord og uttrykk om vennskap har blitt hengt opp på ei oppslagstavle - ei påminning til alle som går forbi. Verdt å dele ;)

I dag har elevane laga kvar sin elektromagnet :)
Vi såg film frå ein søppelfylling om korleis bilmotorar og vaskemaskinar vart flytta av ein gravemaskin med påmontert elektromagnet.

Klasseromsvarianten, jernspiker med leidning tilkopla 4,5V, kunne lyfte mangemange binders! Når straumen vart kutta, skrudde elektromagneten seg av.


Ein vanleg FYSAK-økt midt i desember :)
Jentene koser seg i hallen, medan gutane er ute i all slags ver. Når det er snø er favorittleiken at ein av gutane kastar snøball, medan resten krigar om å få den i hovudet :)

Det var veldig kjekt å kjenne på jolestemning saman med klassen. Mykje fin pynt og kort vart laga og stemninga var god :)

Klassen hadde ein kjekk naturfagsøkt i starten av desember. Båling, grilling og litt leik i snøen, vart knytta til undervisning om "Kjemien i eit bål".