Meny
Framside
Vinnesvegen 574 5641 Fusa
Telefon: 56584172 Send e-post til oss
Redaktør: Kjersti Hellebø Solheim
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2024><<
mars 2024
mtotfls
26272829010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
01020304050607
Presentasjon av skulen

Vinnes Friskule ligg i bygda Vinnes, i Bjørnafjorden kommune, ytterst på Fusahalvøya mellom Fusabygda og Strandvik. Bygda ligg sørvendt og solrikt til med storslagen utsikt over Bjørnefjorden med Os, Tysnes og Austevoll på andre sida av fjorden. På Vinnes bur det ca 260 menneske. Bygda er i vekst med nye bustadområde og tilflytting.

Vinnes Friskule har 27 elevar (skuleåret 20/21) på 1.-7. steg. Friskulen er godkjent for opp til 35 elevar. Skulebygget består av gamlebygget frå 50-åra + eit tilbygg frå 1995. Då vart òg gamledelen rusta opp. Hausten 2012 tok skulen i bruk nytt tilbygg på ca 135 m2 som inneheld klasserom, grupperom, arbeidsrom for tilsette, lager og garderobe. Uteområdet, som vi deler med Vinnes barnehage, er variert og godt tilrettelagt. Oppgradering av uteområdet pågår. I 2006 vart det bygd ny ballbinge i tilknytning til skuleområdet.

Vinnes barnehage har bygd ny barnehage på delar av skuleplassen ved skulen. Den stod ferdig våren 2013 og er komen godt i gang. Slik framstår skulen og barnehagen som eit kompakt oppvekstsenter med tilbod til barn frå 1-12 år. Dessutan har vi skogen og fjorden like i nærleiken, der vi har fantastiske uteområde til uteaktivitetar. Vinnes Friskule vart godkjent som friskule frå 01.08.06. Då hadde skulen (Vinnes skule) hatt ein lang kamp som kommunal grunnskule for å unngå å bli lagt ned på ny (sist i 1990). Les meir om skulen på Vinnes si spesielle historie her.

Hjå oss legg vi vekt på trivsel og læring. Vi ynskjer å gje elevane tillit og ansvar innanfor klare rammer. Vi vektlegg òg fellesskapet på skulen gjennom arbeid på tvers av årsstega. Vinnes Friskule ynskjer å framstå som «grøn skule».Vår visjon er: «Vi ynskjer at Vinnes Friskule skal vera ein grøn skule som gir elevane eit trygt og fagleg godt læringsmiljø, der elevane skal bli opplært til å ta vare og bli glad i naturen, og medvetne på korleis vi kan forvalta jorda på ein bærekraftig måte.»