Meny
Framside
Vinnesvegen 574 5641 Fusa
Telefon: 56584172 Send e-post til oss
Redaktør: Kjersti Hellebø Solheim
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Månadstur til Skåtavatnet / Skåtafjellet

Den 29. august var heile Vinnes friskule på månadstur til Skåtavatnet/Skåtafjellet. Det vart ein paddefull dag.

Alle saman gjekk frå skulen kl. 08.45 til Skåtavatnet . Når dei kom opp til Skåtavatnet, begynte det å regne, så dei gjekk inn i granskogen og åt nista si. Fordi der var det tørt, men det var også mange babypadder der.  Etter alle hadde ete nista si, leika dei.

Små glas
Kjersti Solheim (læraren) hadde tatt med små glas  til å ha smådyr og bær i. Plutseleg kom det ei diger mammapadde som skremte nokon.         

Skåtafjellet
Etterpå blåste Hein Bondevik (rektoren) i fløyta. «Uuuuuuuuuuuu!» sa det. «Det er samling», sa Hein. «Dei som vil kan bli med meg opp til Skåtafjellet. Skal me sjå…ein to tre fire fem seks sju blir med meg, og resten blir igjen her ved Skåtavatnet».            

Kaféleik
Dei som blei igjen fant på ein gøy kafèleik. Kjersti Solheim og Tonje Heldal Skaathun   fekk servert mykje god mat som hamburgarar og taco. På vegen ned igjen frå Skåtavatnet såg nokon ein hoggorm. Magnus Godøy fann ein gul refleks som han brukte som gult kort viss nokon gjore noko galt. «Tonje! Du går på feil side av vegen!!»                  

Artikkelen er laga av Magnus, Maria, Vilje og Rebecca

Main Image

Bilete 1 av 5