Meny
Velg trinn eller SFO Framside
Besøksadresse: Ola Barkvedsveg 16 4340 Bryne
Time kommune, Bryne skule Postboks 38 4349 Bryne Telefon: 51776400 Send e-post til oss
Redaktør: Jone Siqveland
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma

Velkommen til oss på Bryne skule

Her finn du informasjon om skulen og om skulekvardagen. 

I menyen til høgre finn de vekeplanane og informasjon frå trinna, FAU/SU, elevrådet, SFO, helsestasjon, sosiallærar o.a. All anna informasjon finn de i menyen til venstre.

Hugs å abonnere på nyheiter ved å trykke "abonner på nyheiter" i menyen til høgre.

Nettsida er under utbetring. På dette tidspunktet vil det vera feil og manglar på denne. 

Sivdammen helsebasseng har vore stengt sidan oktober 2024. Den 19. februar vedtok kommunestyret at bassenget skal rehabiliterast.  

Arbeidet er no godt i gang, og vil halda fram utover hausten. Det er enno ikkje klart kor lang tid dette arbeidet vil ta. Per i dag vurderer me at opning av bassenget tidlegast kan skje rundt årskiftet. Me vil informera så snart me har meir konkret informasjon om opningstidspunkt. 

For skulane betyr dette at den alternative planen for symjeopplæring vert vidareført fram til bassenget opnar. Den lovpålagde symjeopplæringa vil ha førsteprioritet ved tildeling av bassengtid, og me vil starta opp med undervisning i Sivdammen så snart det let seg gjera etter opning. 

Elsa Djuve Jerstad
Skulesjef Time kommune
Telefon +47 480 576 45



Informasjon til foreldre/føresette

Endring av frekvens i utskifting av iPad i Time kommune

Les meir i vedlegget.

 


 
Elevane på 1.-3. trinn får gratis kjernetid i SFO.  I Time kommune er gratis kjernetid definert som 3 dagarstilbodet. 2 dagars tilbodet vil og vera gratis for denne gruppa. Om føresette på 1. -3.trinn ønskjer tilbod om 4 eller 5 dagar, vil prisen på eit 3 dagarstilbod bli trekt frå prisen på det tilbodet føresette vel.   
Dei same prisane som no gjeld for 1.-2. trinn, vil då og gjelda dei.  
Matpengar er rekna utanom pris på tilbodet. Dette må ein betala i tillegg. 

Det er nå opna opp for bestilling av skulemjølk eller anna drikke for skuleåret 2025-2026.
Hugs neste års klasse for barnet ditt.
Bestilling:  www.skolemelk.no.