
Då er det klart for årets siste vekeplan. Det blir ikkje mykje lekser, men ein må førebu seg til
dei siste vurderingane. I tillegg må ein halda seg oppdatert og passa på å ha med seg alt ein
treng til dei ulike skuledagane.
Fridag
Måndag 9. juni er 2. pinsedag, så då har alle fri! Nyt siste fridag før sommarferien!
Utdanningsval (UTV)
Me er i full gang med utdanningsval, der elevane lærer mykje om vidare utdanning og om yrker
og bedrifter. I sist veke hadde me besøk av mange bedrifter som informerte elevane om ulike
yrker og kva bedriftene held på med. I dei siste 2 vekene skal me og jobba med prosjektet
“Økonomi og karriereval”, der me skal ha 4 økter før me får besøk av ein representant frå
SpareBanken Sør-Norge som skal læra oss meir om temaet. I tillegg skal elevane ha
jobbskugging på torsdag, der dei blir kjent med eit yrke.
Avspasering
Elevane har fri fredag 13. juni i 1.-3. time, då dei skal avspasera for timane dei gjekk ekstra på
Hei verden-kvelden. Skulen startar etter lunsj, klokka 11.25.
Tinghaugløpet
Kvart år arrangerer me Tinghaugløpet for heile skulen. I år blir dette på fredag i 5.-6. time.
Elevane kan springa i full fart eller jogga i roleg tempo. Dette er ein del av gymfaget, og ein blir
vurdert i forhold til innsats.
Siste veka
I den siste veka blir det innlevering av bøker og ipad. I tillegg blir det ein del aktivitetar og truleg
sykkeltur om veret blir ok. Onsdag skal me og på bowling. Siste skuledag sluttar me av kl 11.00.
Elevane vil denne dagen få tilgang på karakterane som ligg i Visma. Minner om at elevane har
rett på å klaga på karakterane i avgangsfaga. For 8. trinn gjeld dette kun i valfag. Informasjon om
dette finn ein på heimesida.