Meny
Velg seksjon 10. trinn
8.trinn
9. trinn
10. trinn
Eit nytt kapittel er ferdigskrive, og for eit kapittel det har vore! Skuleåret 2024–2025 har vore fullt av fagleg innsats, samarbeid, latter og utvikling.

Til føresatte og elever som nå går ut av 10. trinn.

Informasjon om årets Flying Start er tilgjengelig på fylkeskommunens nettside: https://www.rogfk.no/vare-tjenester/skole-og-utdanning/opplaring-i-skole/skolemiljo/flying-start/

Tysdag 3, juni reiste 10. trinn til storbyen for å delta på Fangene på fortet.

Her fekk dei konkurrert om kløkt, ferdighet og hastighet.

Etter mykje kniving var det Garman, David og Noah som stakk av garde med sigeren!

Polenkomiteen dekka turen og nydeleg lunsj frå Pizzabakaren.

Takk for ein gilde dag :)


Skoleskipet MS Lofoten har fått godkjent oppstart av TIF vg 1 Maritime fag. for meir info , les vidare.

Skriftleg eksamen:
Elevane får vite kva fag dei kjem opp i 16. mai klokka 09.00.

Utifrå kva fag dei kjem opp i (kvar klasse kjem opp i eit fag kvar) er det følgande datoar som gjeld:
20. mai eksamen matematikk
21. mai eksamen norsk hovudmål
22. mai eksamen norsk sidemål
23. mai eksamen engelsk

Nytt i år er at det ikkje er førebuingsmateriell til skriftleg eksamen.
Her kan du lese meir om skriftleg eksamen: Eksamen (udir)

Munnleg eksamen:
10. juni kl 09.00: Elevane får informasjon om kva fag dei kjem opp i.
11. juni: Førebuingsdag på skulen, samt rettleiing med faglærar.
12. juni: Eksamensdag (elevane får tidspunkt for eksaminasjon på førebuingsdagen).

Særskild tilrettelegging på eksamen:
I følge Udir skal:
«Elever med behov for særskilt tilrettelegging av eksamen (..) få lagt forholdene til rette slik at de kan få vist kompetansen sin ut fra kompetansemålene i fag i læreplanverket, se forskrift til opplæringsloven § 3-29.» Les meir om særskild tilrettelegging: her

Viss ditt barn har behov for særskild tilrettelegging på eksamen må dei søkje om dette til rektor innan 1.mai. Hugs å få med kven og kvifor, og gjerne dokumentasjon om du har.