Meny
Velg seksjon FAU
Øygarden 21 4235 Hebnes
Telefon: 52790840/52790841 Send e-post til oss
Redaktør: Anne Cremer

Velkomne til eit nytt skuleår.

Skulen startar måndag 17.08.20 kl.8.20.

Me gler oss til å sjå alle elevar igjen.

 

 

Koronasituasjonen

Det har kome nye utbrot av korona rundt oss. Det er framleis viktig at me har fokus på smittevern.

Under informasjon finner dykk informasjon om skulekvardagen. Skulane skal følgja gult nivå.


 

Kjære elevar og føresette!

Eit skuleår går mot slutten og me kan sjå tilbake på eit spennande og travelt år. Særleg dei siste månader har vore spesielle, etter at skulen blei stengt 13.mars i år og opna igjen 27.april for 1.-4.kl og 11.mai for 5.-7.klasse.

Det har vore ei annleis tid for alle, både for de i heimane og dei som er tilsett på skulen.Takk til alle engasjerte foreldre og medarbeidarar på Marvik skule for innsatsen de har gjort og gjer.

Trass alt har elevar og lærarar hatt mange gode aktiviteter og opplevingar i år. Tusen takk til dei elevane som har vore trivselsleierar 2 dagar i veka. Det har vert veldig bra opplegg i friminutta.

Læringsbrett og nye lærarplanar skal vere eit stort tema frå hausten av. I vårt pedagogiske arbeid har vi fokus på lesing, skriving, rekning og digitale ferdigheitar. Spesielt lesing er ein viktig ferdigheit elevane møter i alle fag. Det å kunne glede seg over skjønnlitterære tekster, samt kunne dra nytte av fagtekstar er viktig for eleven si utvikling og sjølvkjensle. For å få nok trening i å kunne lese er lekser viktig! Me oppmodar de foreldre til å vere interessert i barna sitt skule-og leksearbeid, vere fokusert på det som er viktig for dei og vere til stades for borna når dei treng det!

Elevane har det bra på skulen. Sammenhengen mellom trivsel og læring er tydelig. Samarbeid mellom FAU og skulen har vore bra. Takk til dei foreldra som har vore med..

Denne sommaren sluttar ein av medarbeidarane. Eg takkar Anne-Kate for innsatsen dette året og ønskjer henna lykke til vidare. Eg vil også takka 7.klassingane for fine år på skulen vår. Lykke til på ungdomsskulen Torunn og Magne.

Litt info om neste skuleår i slutten:

Fyrste skuledag etter sommarferie er 17.august.Skulen byrjar alle dagar kl. 8.20 og slutta kl. 14.00 på måndag, tysdag og torsdag. På onsdag sluttar skulen kl. 12.30 og på fredag kl. 13.35.

Kontaktlærar 2020/2021:

1.-4.klasse : Gunn Bjørg Slåtto

5.-7.Klasse: Annette Gregersen

Lærar 1.-7.klasse: Heidi Naustvik og Anne Cremer

Fagarbeider: Anne Margrete Høie

 

Eg gler meg til å sjå alle igjen til hausten!

Ta vare på kvarandre.

Ha ein riktig god sommar alle saman!

Helsing Anne



                                               Vara

1.kl: Finn Arthur Rosland        Heidi Naustvik

2.kl: Lars Ove Fjetland            Sissel Vatland

3.kl:Susanne Log                    Liv Jorunn Øvrebø

4.kl:Lars Terje Øvrebø            Anette Veen

5.kl: Kjetil Thomassen           Siv Marita I. Bakken

6.kl: Anne-Kate Ellingsen      Tor Øystein Lunde 

7.kl: Siv Sissel Sildelid          Sverre Østebø

Leiar i FAU: Anne-Kate Ellingsen

Nestleiar: Lars Ove Fjetland

Sekretær: Susanne Log

 

 

 



Frå hausten 2019 er det 5 dagars veke for alle elevar på Marvik skule.

Her kjem litt info om start - og sluttider frå hausten 2019.

Skulen starta kvar dag kl.8.20.

Skulen slutta kl. 14.00 på måndag, tysdag og torsdag for alle.

På onsdag slutta skulen kl. 12.20 for alle.

På fredag slutta skulen kl. 13.35 for alle.

Mvh

Anne