Meny
Vel klasse 5.klasse
1.klasse
2.klasse
3.klasse
4.klasse
5.klasse
6.klasse
7.klasse
8.klasse
9.klasse
10.klasse
SFO
Bygdaveien 56 4333 Oltedal
Telefon: 51614800 SFO 95294809 Send e-post til oss
Redaktør: Målfrid Heien Førde
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2021><<
mai 2021
mtotfls
26272829300102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31010203040506

Her er oversikt over kven som skal vere kontaktlærar for dei ulike klassane neste skoleår.

1.klasse: Marita Tysse og Cecilie R. Sjo

2.klasse: Aina S. Lomeland

3.klasse: Hege G. Stokke og Cecilie R. Sjo

4.klasse: Målfrid Hanedalen (til sept). Deretter Kristin Oseland

5.klasse: Elin V. Sandstøl

6.klasse: Bjørg Hauge

7.klasse: Karl Bredenbekk

8.klasse: Petter Knutsen

9.klasse: Margrethe Sørensen

10.klasse: Skjalg Oltedal 


Kulturskolen har fått tildelt middel frå Kolumbus og sett opp Kulturskolebuss frå Dirdal og Oltedal på tysdagar frå neste skoleår. Gratis for kulturskoleelevar!

På Oltedal skole er vi så heldige at vi har fått VR-briller som vi kan bruke i undervisninga! Stemninga var på topp hos både store og små då vi fekk gå inn på makerspace og prøve ut dei ut.

Idag har 5.klasse hatt leika "Among us-real life"! Det var kjempekjekt! Gymsalen vart til Cafeteria og utstyrsrommet vart til admin. Crewmedlemmane løyste fleire tasks og prøvde å unngå imposteren. Stemninga var på topp og alle var enige om at dette må gjentas.

I desse dagar er 5.klasse med på leselystaksjon.

Som sosial kompetanse har vi "humor, leik og glede" på agendaen og då vert det muffinsbaking og morosame youtubefilmar på storskjerm.


5.klasse har hatt fine dagar ute.

Sidan symjehallen er stengt desse vekene, har 5.klasse vore på tur istadenfor. I dag gjekk turen til Britabakken.

Som ein del av julekalenderen i klassen, skulle vi ha bakedag. Vi bakte Serinakaker og trilla kuler til den store gullmedaljen. Det var kjekt å gjere noko anna og ikkje minst få med noko julegodt heim!


Elevane i 5.klasse har programmert sin eigen interaktive figur på Scratch i Kunst og handverk. Det var mange ulike figurar som bl.a. kunne: snakke, lage lydar, flyge, snurre osv. Elevane limte og klipte i biletet sitt, og dei var kjempeflinke til å utforske og finne ut av korleis dei skulle programmere.

Gjesdalskulen har utarbeida felles nettvettreglar. Målet er at elevane skal få kunnskap om og rettleiing til ein trygg og god digital kvardag. Alle elevar, tilsette og føresette skal vere kjend med dei felles nettvettreglane for Gjesdalskulen.