Meny
Velg seksjon Framside
Skintveitvegen 11 5917 Rossland Vis på kart
Telefon: 56 17 44 10 Send e-post til oss
MinID og søknad på Vigo

Søkje skule på vigo.no ved hjelp av MinID

Elevane på 10. trinn skal registrere søknaden om plass i vidaregåande skule på vigo.no

For å kunne loggje inn og registrere søknaden her må ein ha fått eit brev med pinkodar frå MinID. Dette brevet skal ha blitt sendt heim til elevane tidleg i januar. Om ein har mista eller ikkje fått brevet MÅ ein så raskt som råd ta kontakt med skatteetaten for å få tilsendt nye kodar. Dette vil ta omlag ei veke. Nytt pin-kodebrev kan bestillast på skatteetaten.no/pin

Når du skal registrere deg på MinID gjer du følgjande:

  1. Gå til vigo.no eller eid.difi.no
  2. Logg inn med MinID. Du treng då fødselsnummer (11 siffer) og PIN kodar frå kodebrev.
  3. Registrer deg som brukar med sjølvvalt passord. Registrer mobilnummer og e-postadresse. Hugs å krysse av for kode på SMS.

Når du skal bruke vigo.no

  1. Gå til vigo.no
  2. Logg inn med MinID. Då må du hugse passord og personnummer. Du vil så få sendt ein eingongskode til mobilen din som du brukar til å loggje deg på med. 

Registrere søknaden

Søknaden din skal registrerast på vigo.no. Du finn informasjon om dette på søkjarsida. NB! Les instrusksjonen nøye!

Svar på søknad

Når førsteinntaket er gjort vil du få svar på søknaden din på vigo.no. Du vil få ei påminning på det telefonnummeret som er registrert der. Hugs difor at du må endre mobilnummeret ditt, både på vigo og på MinID, om du skiftar mobilnummer fram mot sumaren. Du må også svare om du tar mot plass, vil stå på venteliste osb. her.

Ta kontakt med rådgjevar om det er noko du lurer på!