Meny
Vel klasse Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Selbjørn Skule 5397 BEKKJARVIK
Telefon: 55081343 Send e-post til oss
Redaktør: Hege Haugland
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juli 2025><<
juli 2025
mtotfls
30010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293031010203
04050607080910
Pedagogiske lenkar
Multi 1 - 4
Multi 5 - 7
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Gå til Fronter
Kolibrijogg

Super gjennomføring av Kolibrijoggen sist fredag. Stor innsats av kjempeflinke elevar.

Fredag 4. desember gjennomførte skulen Kolibrijogg, som avslutning på aksjonsveka vår. Selbjørn skule er Kolibri-skule, og vi støttar Kolibri Carf sitt hjelpearbeid i favelaen i São Paulo. Denne aksjonen er særleg retta mot å skaffa mat til fattige familiar i favelaen, og Kolibri Carf deler ut matkasser så langt dei kan for midlane dei samlar inn. Ei matkasse kostar kr. 300,-, og gir mat til ein famile på fem i 3-4 veker. Korona har ramma Brasil hardt, og det er ekstremt vanskelege tilhøve for dei som bur i favelaen og har mista arbeid og inntekt. Elevane har jobba godt med aksjonen gjennom heile veka, og innsatsen var stor under gjennomføringa av Kolibrijoggen. 

Vi vil retta ein stor takk til alle som har vore med og sponsa elevane. Det er i alt komme inn kr. 40.305,- til Kolibri Carf. Det utgjer 134 matkasser. Fantastisk!

Ein stor takk òg til Spar Bekkjarvik, som sponsa skulen med frukt og pepperkaker til elevane. Det gjorde godt etter 40 minutt med Kolibrijogg!