Insekthotell og leik i skogen
I dag har 2.klasse leika og laga insekthotell oppe ved klatretreet. Utetid er topp!
Publisert: 25.04.2024 14:23 Sist endra: aldri Forfattar: Elisa Drivenes Blix
I naturfag har 2.klasse no om temaet "Det blomstrar". Her lærer me om blomar, frø og insekt. I dag har me laga og plassert ut insekthotell oppe ved "Klatretreet". Her kan insekta krype inn for å ete mat og legge egg. Elevane jobba godt med oppgåva og kosa seg med frileik i skogen etterpå. Det er kjekt med sol, vår og utetid:)