Meny
Vel klasse Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Selbjørn Skule 5397 BEKKJARVIK
Telefon: 55081343 Send e-post til oss
Redaktør: Hege Haugland
Det er 2 dokumenter i arkivet.
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<februar 2026><<
februar 2026
mtotfls
26272829303101
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272801
02030405060708
Pedagogiske lenkar
Multi 1 - 4
Multi 5 - 7
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Gå til Fronter
Den store leseolympiaden

Det er ikkje berre OL som er i ånda for tida, her på skulen har me skikkeleg hatt leseånda over oss. 

Dei siste to vekene har klassane konkurrert i skulen sin eigen leseolympiade.

Kvar klasse samla på stjerner, den klassen med flest stjerner i løpet av perioden vart den heldige vinner. 

Den store leseolympiaden

Den 2. februar gjekk startskuddet for vinterens lesekonkurranse her på skulen, nemleg den store leseolympiaden.

Kvar klasse er med i konkurransen, klassane konkurrerer klassevis mot kvarandre. 

For å få den gjeve pokalen er det om å gjere å samle på stjerner.

Du får ei stjerne når du har lest i 15 minutt eller når læraren har lest høgt for klassen, då får alle ei stjerne kvar.

For ein innsats elevane har lagt i dette meisterskapet. 

Me har lese, og lese, og lese, og lese litt meir. 

Det var ikkje bere ein gjev pokal som freista, men og sjansen til å vinne ein draumedag på folkebiblioteket. 

I to veker har elevane verkeleg gjort ein fantastisk innsats. 

Endeleg så var dagen komen til å kåra vinnarklassen. Det var eit jamnt løp, men det var ein klasse som utmerka seg. 

Gratulerer til 3. klasse, som er vinterens store vinnarar av leseolympiaden. 

No er det for oss andre å vente i spenning til neste lesekonkurranse går av stabelen.