Meny
Velg seksjon Framside
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Barnehage
Økstrafjordvegen 64 4234 Jelsa
Telefon: 52790350/52790355 Send e-post til oss
Redaktør: Karin Søndenaa Nessa
Det er 23 dokumenter i arkivet.
Gå til Its Learning
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
TVERRFAGLEG TEMA «JELSA FØR I TIDA»


Jelsa oppvekstsenter avd. Skule har i to veker arbeida med eit tverrfagleg tema om «Jelsa før i tida». 

Elevane har jobba med tema  både praktisk og teoretisk. Elevflokken vart delt i grupper som fekk utdelt «oppdrag» å gjennomføra. Storbønder såg til at oppdraga gjekk som dei skulle. Gruppene har teke del i spinning og farging av garn, produksjon av pølse, laga såper og baka mellom anna saupskolt. På sløyden har dei laga stylter og tvårer. 
Måndag 20.mars fekk elevane oppleva ein historisk skuletime på skulemuseèt. Roller var tildelt og førebuing gjort, noko skulle puggast og rekneoppgåver vera løyst med eit språk som var vanskelig å skjøna. Nokre vart sett i skammekroken for å ha kome for seint. 
Skulegudstenesta bar også preg av skikkar frå gamal tid. Presten stilte i svart prestekjole med pipekrage, jentene sat på venstre side og gutane på høgre side i kyrkjeskipet. 
Øystein Haga som sit på utruleg mengde kunnskap om Jelsa har delt dette både gjennom bilete og forteljing. 
Dei eldre på «onsdagstreffet» fortalde mellom anna frå sin skulegong, korleis ein reiste til og frå Jelsa og om gardslivet. 
Heile prosjektet munna ut i «Marknadsdag» ved butikken torsdag 30.mars. Her vart varer selde, lykkehjulet var på plass, det var konkurranse i styltegåing og gutungane knovast på plenen. 
Det har vore både kjekt, variert og lærerikt å arbeida med dette temaet.

Main Image
Bilete 1 av 16