Meny
Velg seksjon FAU
Klasse 1
Klasse 2
Klasse 3
Klasse 4
Klasse 5
Klasse 6
Klasse 7
Barnehage
Økstrafjordvegen 64 4234 Jelsa
Telefon: 52790350/52790355 Send e-post til oss
Redaktør: Karin Søndenaa Nessa
Det er 6 dokumenter i arkivet.
Gå til Its Learning

Her er lenke til kommunalt FAU:

http://www.minskule.no/kfau



REFERAT FRÅ MØTE I FAU 18.10.22
Til stades: Maria Fugleberg (bhg), Turid Kathrin Trevland (bhg), Hanne Landsnes (1.-4.kl), Sveinung Nessa (1.-4.kl) Irene Hamra  (5.-7.kl), Karin Søndenaa Nessa (leiar oppv.senter)
Laila Øxtra hadde meldt forfall.

Saker:
Referat frå sist møte vart  godkjent utan merknadar.
Val:
Leiar: Sveinung Nessa
Nestleiar: Turid Kathrin Trevland
Desse møter i kommunalt FAU: Sveinung Nessa og Irene Hamra
Desse sit som representantar i SU/SMU: Maria Fugleberg, Turid Kathrin Trevland, Sveinung Nessa og Irene Hamra.
Forut:
-Bygdekveld onsdag 26/10 frå kl.16.30. Dette er eit arrangement som barnehage, skule og FAU samarbeider om. Målet er ei sosial samling for bygda og å samle inn pengar til barnehagen sitt prosjekt gjennom organisasjonen Forut. I år går midlane til  Nepal, der ein høyrer om Biswas og familien hans.
Det blir sal av lapskaus (Karin har bestillt ferdig kutta grønsaker frå coop marknad Vadla som Hanne hentar), sal av varer og ca. to omgangar med åresal, 20 kr pr åre.
Matsal: lapskaus, kaker og lappar.
Kaker for sal: Irene, Hanne og Maria baker skuffekaker. Oppvekstsenteret steikjer lappar.
Åresal: Elevar i mellomtrinnet kontaktar bedrifter og liknande og spør etter gevinstar. Fint om elevar/heimar også kjem med gevinstar. Dette blir skrive på vekeplan/ Transponder og for barnehagen i månadsbrev/ MyKid.
Plakat: Småskulen lagar.
Julefest 2021 Dato: Tysdag 20.desember kl.17.00
FAU diskuterte og vart einige om at ein ynskjer gjennomføring av tradisjonell julefest for oppvekstsenteret. Dei tilsette ved oppvekstsenteret er også innstilt på det same. Det er god trening for elevane å øva på framføring av til dømes skodespel. Fint om FAU deltek ved matservering. Meir info kjem seinare.
«Framtidas oppvekst»
Ingen representantar frå FAU Jelsa hadde høve til å møta i kommunalt FAU torsdag 6. okt. Referat frå dette møtet var sendt ut i førekant av dette møtet. Tilbakemeldingane i møtet var at ein syns det var kome fram mange viktige moment i referatet. 
Framover blir det viktig ha gode og opne prosessar når ein legg opp til endringar i kommunen.
For Jelsa sin del vil blant anna dette vera viktig:
->Rekrutering av kompetanse. Ein har lenge hatt ei stabil lærargruppe med god kompetanse, men fleire nærmar seg pensjonsalder.
Samarbeid med utdanningsinstitusjonane kan vera ein veg å gå. Skulen skal blant anna ha studentar frå UIS til våren( veke 17), der målet er at dei kan bistå skulen med temaarbeid samtidig som studentane får erfaring med å arbeida i fådelt skule.
->Elevtal: Kva kan gjerast for å få meir tilflytting?
->Ressurs: Leiar for oppvekssenteret er klar på at skal ein driva ein fådelt skule på størrelse med det ein har må ikkje tildelt ressurs bli mindre enn det ein får nå. Det er viktig å kunna dele i NEM ( Norsk, engelsk og matematikk) faga.
Ymse
Leiar orienterte kort om skulen sitt arbeid med tverrfaglege tema. Dette ser ut til å ha hatt ei positiv verknad på elevgruppa. Ein opplever at motivasjonen for å arbeida i gruppe er stor og at dei fleste samarbeider på ein god måte. Elevane verkar trygge på kvarandre.
Personalsituasjonen i barnehagen er for tida ikkje slik ein skulle ynskt. Det er fleire nye i personalgruppa med små stillingsstørrelsar. Dette medfører at barna må forhalda seg til fleire vaksne. Ein ser at nokre av barna reagerer på dette med å vera meir utrygge. Vikarsituasjonen er i tillegg utfordrande. Det er vanskelig å få tak i vikarar.
Personalet i barnehagen har starta å følgja utdanningsdirektoratet sin kompetansepakke om Trygt og godt barnehagemiljø som følgje dette.



Referent: Karin Søndenaa Nessa

FAU 2022/23
Foreldreråd (FAU) Føresette er sikra høve til medverknad i skulen gjennom saksorgana: Foreldrerådet, samarbeidsutvalet og skulemiljøutvalet –og som klassekontaktar. FAU skal fremja fellesinteressene til foreldra og medvirka til at foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skapa eit godt skulemiljø. Foreldrerådet skal vera med å skapa godt samarbeid mellom heim og skule, leggja til rette for ei positiv utvikling hos elevane og skapa kontakt mellom skulen og nærmiljøet.  

Telefon og e-postliste for medlemmer i FAU 2022/2023     
Namn e-postadresse Mobiltelefon

Barnehagen   Turid Kathrine Trevland  tktrev@hotmail.com   90776819
                       Maria Fugleberg mfugleberg@hotmail.com 45206905

1.-4. klasse     Hanne Landsnes hannenatland@hotmail.com 93462469
                       Sveinung Nessa sveinungn@hotmail.com 48003917

5.-7. klasse     Irene Hamra oppistov-73@hotmail.com 93808454         
                       Laila Øxtra leikelid@hotmail.com 91347786

Leiar i FAU: Sveinung Nessa
Nestleiar: Turid Kathrine Trevland
Representant til samarbeidsutvalet: Sveinung Nessa, Irene Hamra, Maria Fugleberg og Turid Kathrine Trevland
Kommunalt FAU: Sveinung Nessa og Irene Hamra


Foreldreråd (FAU) Føresette er sikra høve til medverknad i skulen gjennom saksorgana: Foreldrerådet, samarbeidsutvalet og skulemiljøutvalet –og som klassekontaktar. FAU skal fremja fellesinteressene til foreldra og medvirka til at foreldra tek aktivt del i arbeidet for å skapa eit godt skulemiljø. Foreldrerådet skal vera med å skapa godt samarbeid mellom heim og skule, leggja til rette for ei positiv utvikling hos elevane og skapa kontakt mellom skulen og nærmiljøet.  

Telefon og e-postliste for medlemmer i FAU 2020/2021     
Namn e-postadresse Mobiltelefon

Barnehagen   Thea Bråtveit Nese    tbratveit@gmail.com   93606385
                       Kristine Nese           kristine_s_n@hotmail.com     97147533


1.-4. klasse     Helga Nessa       helgavevle@hotmail.com     99150899
                       Harald Hagen      haraldh@hotmail.com      95053570


5.-7. klasse     Marianne Moen    marianne.moen@hotmail.no    95173237                    
                        Johne Johnsen   johne.johnsen@gmail.com    47450835                                 

Leiar i FAU: Thea Bråtveit Nese
Nestleiar: Harald Hagen
Representant til samarbeidsutvalet: Thea Bråtveit Nese og Marianne Moen 
Kommunalt FAU: Harald hagen og Helga Nessa