Nytt TL-utstyr!
Publisert: 15.05.2012 skrive av: Elin
 |
|
Vi har fått nytt TL-utstyr: FUN-BATTLE =) Her kan de sjå bileter frå ein gymtime då 5. klasse testa utstyret!
Vil du vere med på FUN-BATTLE i friminutta, er det berre å møte opp i skogen måndager og onsdagar! :-)
|
|
| |
Vitengarden
Publisert: 11.05.2012 skrive av: Anita
1. - 4. klasse storkoste seg på Vitengarden på Nærbø. Her kan ein sjå masse bilete frå 3. og 4.klasse. Sjå neste artikkel for fleire bilete av 1. og 2. klasse.
Vitengarden 2
Publisert: 11.05.2012 skrive av: Anita
Her er fleire bilete frå vår kjekke dag på Vitengarden!
Musikkvideo!
Publisert: 10.05.2012 skrive av: Anita
Elevane i 3. og 4.klasse slo seg verkeleg laust under innspeling av musikkvideo. Med parykkar, solbriller og hattar glei elevane rett inn i rolla som superstjerner. Dei fekk prøvd seg som skodespelarar, dansarar og musikarar. Me hadde nokre veldig kjekke timar og gler oss til å sjå resultatet!
Oppgradering av uteområdet
Publisert: 19.04.2012 skrive av: ID
OPPGRADERING AV UTEOMRÅDET
Teknisk avdeling held på å oppgradere uteområdet rundt Oltedal skole. Det vert rydda, malt og lagt ny sand og grus. Vi skal og få meir vintergrønt i blomsterkassane rundt skolen.
Det vil ikkje bli gjort meir oppgradering av "gamleskolen" fordi den står for ein omfattande renovering i 2015.
FAU og skolen ønskjer å ha ein dugnad for å male ballbingen og leikeapparatene. I løpet av 30. mai-11. juni vil vi ha dugnadsarbeid på dette. Derfor treng vi hjelp av foreldre.
Dersom du kan vera med på dugnad - gje beskjed til Olaug Omland (FAU leiar), eller Ingeborg Dubland (rektor).
Sjå fleire artiklar >>