Meny
Vel klasse 4.klasse
1.klasse
2.klasse
3.klasse
4.klasse
5.klasse
6.klasse
7.klasse
8.klasse
9.klasse
10.klasse
SFO
Bygdaveien 56 4333 Oltedal
Telefon: 51614800 SFO 95294809 Send e-post til oss
Redaktør: Målfrid Heien Førde
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<februar 2020><<
februar 2020
mtotfls
27282930310102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627282901
02030405060708

I dag var Jærmuseet på besøk. Dei hadde eit bra show for oss der dei fekk raketter til å fly, nytta bøtter som høgtalar og laga ei stor sky innendørs.

 


Oltedal skole er ein 1- 10 skole med 22 tilsette og pr. i dag 160 elever. Skolen har eit godt arbeidsmiljø og ein dyktig stab med engasjerte lærarar. På Oltedal skole drar alle gode krefter i lag med målretta fokus på tidleg innsats for livslang læring. Oltedal skole er ein del av Jærskulen, som er eit interkommunalt samarbeid om skoleutvikling mellom Gjesdal, Hå, Time og Klepp.

For skoleåret 20-21 har skolen ledig eit årsvikariat i 100% stilling.

 


Idag har 4.klasse fått vore med på "Jul på gammalt vis" på Limagarden. Det var kjekt med ein annleis dag, og vi fekk lære mykje. Vi høyrte om Fjøsnissen og andre mytiske figurar dei trudde på i gamle dagar. Vi såg når dei laga flatbrød og lefser. Vi høyrte om korleis dei før i tida pynta til jul og feira julehøgtida. Elevane fekk òg sjå og ta på kjøtstykke som kom direkte frå slaktaren. Til og med eit saueauge kunne vi ta på! Elevane laga honninglys, sopelimar og tova ullballar. 

Har òg lagt til bilete frå dagen vi baka pepperkaker til adventskalendaren vår.


4. klasse har jobba mykje med jernaldaren, og i dag har vi laga helleristningar med oljefargar i K&H. Elevane koste seg. Det er òg bilete frå turen som vi gjekk i september. Her er vi på tur i trelavoen ved skolen.

Viktig info til alle foreldre:

Det har nå kome ein ny versjon av Schoollink. Dette betyr at alle fyrst må avinnstallera den gamle mobilappen, og så installera den nye som heiter SchoolLink Messenger.



Minner om at første skoledag etter jul er onsdag 2.januar.

 


Den 20. oktober er det den nasjonale Refleksdagen. Derfor minner me om at ALLE MÅ bruke refleks når ein går til skulen, og når ein er ute når det er mørkt. Godt synleg refelks på ransel og klær er nødvendig for å syna igjen i mørket.


Me går inn i den siste veka i Beintøft-konkurransen. Elevane har vore flinke til å gå/sykle i heile september. Gå gjerne inn på linken til høgre og sjå korleis dei har gjort det i konkurransen. 

Måndag 5.sept vert det foreldremøte for 4.-7.trinn. Foreldremøtet vil omhandla saker som gjeld den einskilde klasse, men mykje av tida vil bli brukt til informasjon om Chromebook.

Fellesdelen er kl 18.30. Sjå eige skriv med andre tider for dei einskilde klassane.

Ein avtale skal underskrivast før elevane kan få Chromebook med heim. Avtalen finn du under "Skolerute og informasjon" i menyen til høgre på heimesida.

Sist veke satt me ut seks insektsfeller i naturfagstimen. I dag henta me dei igjen, og me fekk god fangst!