Meny
Vel side Framside
Sagstadvegen 76 5918 Frekhaug
Telefon: 56 17 13 00 Send e-post til oss
Redaktør: Magne Lædre
Oversett siden til et annet språk
Translate page to another language
Traducir la página a otro idioma
Pålogging heimesida
Pålogging heimesida - ansatte
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Informasjon om skulehelsetenesta

Jannike Sætre er ny helsesjukepleiar på Sagstad skule. Ho har no vore her i ei veke og prøver å få helst på dei ulike klassane innimellom alle desemberekstrating som skjer. Helsesjukepleiar har kontor på plan 2 - opp hovudtrappa og inn i gongen til høgre og så den rosa døra til venstre. Ho vil vere her kvar dag utanom tysdag, der ho då tar imot 1. klassingane på helsestasjonen. Elevar og føresette kan sjølv kontakte helsesjukepleiar direkte på skulen om ein ønskjer å ta opp noko. Ho kan og nås på e-post eller telefon. 

E-post: jannike.setre@alver.kommune.no
Tlf: 409 07 645 (mellom 8:00 og 15:00).

 

Alle skulane i Alver kommune har ein fast helsesjukepleiar. Oppgåvene til helsesjukepleiar er å følgje opp eleven si psykososiale helse, i tillegg til å jobbe helsefremjande og sjukdomsførebyggjande. I tillegg skal helsesjukepleiar vere ein ressursperson/rettleiar for føresette og dei tilsette i arbeidet med elevane. Helsesjukepleiar kallar inn enkeltelevar etter behov, tidlegare funn eller avtalar. Føresette blir i utgangspunktet informert om dette på førehand.

I skulehelsetenesta ynskjer ein å ta tak i problema i ein tidleg fase, då dei gjerne er lettare å løyse då. For å få til dette, er ein avhengig av eit godt samarbeid med føresette og med skulen. Helsesjukepleiar har og eit nært samarbeid med anna fagpersonell innan helsesektoren. Ved å ta kontakt med helsesjukepleiar kan ein såleis få hjelp og rettleiing på ein effektiv og rask måte. Helsesjukepleiar har teieplikt. Informasjon blir ikkje formidla vidare til andre instanser utan at føresette har godkjend det. 

I løpet av året vert det undervisning på ulike trinn. Grunna fagdagar, vaksinering og samtalar med alle førsteklassingane på Sagstad, vert det nokre dagar helsesjukepleiar ikkje er tilstades på skulen.

Det er fint om føresette har låg terskel for å ta kontakt.