Meny
VELG KLASSE 8A
Kleivhaugen 2 5392 STOREBØ
Telefon: 55081300 Send e-post til oss
Redaktør: Anders Hjelle
Vilbli.no
Vilbli
Velkomen til nytt skuleår ved Austevoll ungdomsskule

Måndag 17. august startar vi på eit nytt skuleår ved Austevoll ungdomsskule.

Vi håpar at både elevar og føresette har hatt ein fin sommar. Eit nytt skuleår er fullt av moglegheiter og spanande utfordringar for elevar, føresette og alle tilsette på skulen.
Austevoll ungdomsskule skal vere ein trygg arena for læring og utvikling, både for elevane og for alle som arbeider her. Eit godt samarbeid med føresette er heilt avgjerande for at vi skal lukkast med dette. Saman skal vi skape eit godt læringsmiljø der både elevar og tilsette får MOT til å vere seg sjølve, bry seg om andre og lukkast i lag!
Skulestart for alle elevar er måndag 17. august kl. 09.45. Informasjon om bussrutene finn de på heimesida til skulen.
Skuleleiinga ser fram til eit godt samarbeid og gler seg til eit nytt og spanande skuleår.

Med venleg helsing
Anne Charlotte, Nina, Linda og Anders
Skuleleiinga ved Austevoll ungdomsskule