Mars har vore ein aktiv og innahldsrik månad på SFO, med mange fine opplevingar både ute og inne.
Me har vore mykje ute i frisk vårluft, der barna mellom anna har blåse såpebobler, sykla og leika saman. Uteleik gir rom for både bevegelsesglede, kreativitet, samarbeid og gode samtalar.
Denne månaden har me òg starta eit eige "hagelag". Det som er ekstra fint, er at barna sjølve har teke initiativ til å vere gartnarar og få ting til å gro. Med stor nysgjerrigheit og engasjement har dei vore med på å så frø, mellom anna sukkererter. Det gir både meistringskjensle og spenning å følgje med på korleis noko dei sjølve har planta utviklar seg.
Inne har me hatt mange rolege og kreative aktivitetar. Me har lese bøker saman, dansa, fingerhekla og perla mykje fint. Det er kjekt å sjå korleis barna inspirerer kvarandre og kor gode dei er til å dele idear med kvarandre. Bakegruppene våre har hatt stor glede av å bake bollar, og det er stas å kunne ta dei med heim etter endt SFO dag.
Ungdomskuletrinnet, saman med lærar Anders, har vore innom nokre tysdagar. Det har vore veldig kjekt! Særleg stas var det då Anders tok med seg gitaren og fekk barna med på allsang. Etter påske kjem det nye ungdomsskuleelevar som vil tilbringe nokre onsdagar med oss. Det gler me oss til.
I påskeferiedagane vart det ekstra spennande då påskeharen hadde gøymt eit egg som me fåtte finne i ura i skulegarden. Barna samarbeida godt og leita ivrig til egget vart funne. Me tok òg ein tur rundt Hammaren i vårsola.
Me held fram med å jobbe aktivt med sosial kompetanse og inkludering i kvardagen. Gjennom leik, aktivitetar og samtalar øver me på å vise omsyn, inkludere kvarandre og byggje gode relasjonar.
Me ser fram til ein ny månad med fleire gode opplevingar saman!