Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2025><<
mai 2025
mtotfls
28293001020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829303101
02030405060708
Gå til Google Classroom
Tursdag med venskap og samarbeid på tapetet

I dag gjekk rett og slett heile 1. - 4. klasse på tur saman til skulebua. Ein tur innom "vedskuten" måtte til på førehand, slik at me kunne vera sikre på å få bål når me kom fram. Det trengst meir enn ein kubbe for å laga eit bål....

I dag vart det mykje leik og aktivitet rundt bålet. Det er jo spanande å rota i "gruva" må vita. Elevane gjekk automagisk saman i små grupper og fann ulike former for leik då me kom fram. Nokre klatra. Andre laga butikk.

På heimvegen gjorde me ein liten svingom nedom Sinnesvatnet. Det hadde vorte målt til 6-7 cm, så ikkje heilt dei 10 cm stålis som me kan ynskja oss. Men heilt inne ved land der straumingane ikkje er så aktive, gjekk det an å få sine fyrste skliingar i år.

Main Image
Bilete 1 av 13