Meny
6. klasse
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<september 2025><<
september 2025
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Gå til Google Classroom

I musikktimen i dag øvde me på songen "Den første løvetann" og me fekk rista litt laus med BlimE-dansen. Timen vart avslutta med Incredibox, noko som gav oss ei retning inn i beatboxinga si verd, i dag framført av Tom Thum som de kan sjå i videoen.

Stemmar, og ikkje minst fleire stemmar, er skikkeleg spanande.


Det er igjen tid for lokal trivselsundersøking på Sinnes skule.

Gjer undersøkinga ved å følgje denne lenka.

På førehand takk for di deltaking. Me vonar på høg svarprosent.


24. oktober bør det ikkje skje så mykje anna, for då markerer alle på Sinnes skule gebursdagen til Dei sameinte nasjonane (SN). Eller FN (De forente nasjoner) som er bokmål og det dei fleste plar seia.

Årets BlimE-dans frå Sinnes skule kan sjåast på NRK super sine nettsider.

Etter fleire år med overnattingsturar i Øvre Sirdal, var det på tide å bli kjende lenger sør i kommunen vår. Valet fall på Feed skiarena og nærområdet der i første omgang, før me forflytta oss til Tonstad den andre dagen.

Velkomen til første skuledag torsdag 15. august 2024!

Som vanleg byrjar me felles i gymsalen kl. 08.50 for elevar og foreldre.

Me sjåast!