Trass i ein lunken start på dagen, med nysnø på Solheimsknuten, kunne me ved skuleslutt gå ut i langhelg før 17. mai med flagget til topps.
For i dag fekk me klemt inn mykje på ein dag. Øvetog, morgonsamling, og søppelplukking. Og dagen var og ein "alt-anna-enn-sekk"-dag, så det var mange kreative forslag til alternative fraktmiddel.
8. og 9. klasse stod for morgonsamlinga med ein dramatisk presentasjon av menneskerettsfråsegn #11.
Til slutt vart det søppelplukk frå GP til Haugen. Dette skjedde samstundes som kommunens eigen Finn Schøll var i rundkøyringa og planta til 17. mai, så det vart ein verkeleg oppfriskingsdag i forkant av nasjonaldagen.
Vel attende til skulen, vanka det is i premie på alle.
Gratulerer til alle for ein god jobb!