Det var stort engasjement og godt samarbeid mellom store og små på FN-dagen.
FN-dagen blei markert med eit gruppearbeid om tre av verdsarvstadane. Gruppene var blanda frå 1. til 10. klasse, og dei store hjelpte dei mindre ved behov.
Ei gruppe jobba med Urnes stavkyrkje. Dei laga ein modell av kyrkja i papp og ispinnar. Kyrkja blei fint dekorert med ulike mønster.
Ei anna gruppe jobba med "Bryggen i Bergen". Her fekk kvar elev skjera til ein fasade av ein bygning og måla eller brenna inn mønster med svipenn.
Siste gruppa jobba med Vestnorsk kulturlandskap. Her bygde dei fjordlandskap i Minecraft.
Det blei flotte produkt som me gler oss til å få ei fin utstilling med.