Som mange sikkert har fått med seg, har mellomtrinnet og ungdomsskulen denne veka arbeidd med skuleval. Tru kven som har drive den beste valkampen, og stakk av med sigeren i skulevalet?
Fredag sist veke starta me med kickoff for valveke. Mellomtrinnet og ungdomsskulen fekk vita litt om demokrati og partia på Stortinget, og fekk kunnskapane sine testa i ein kahoot. Etterpå fekk dei vita kva parti dei skulle representera i årets skuleval.
Timeplanen har vore ganske alternativ denne veka, med mykje tid til arbeid med mellom anna å finna informasjon om kva partia står for, gjera klart til ein stand og prøva å få tak i valeffektar frå dei ulike partia. Nokon var meir heldige enn andre i det siste. Gruppene har arbeidd godt og har laga fin stand til partiet sitt. Gruppene fekk ein sum pengar kvar som dei kunne bruka til valkampen. Nokre elevar har vore ekstra ivrige og henta litt ekstra hjelp heimefrå. I tillegg har me sett på debatt frå dei faktiske politiske leiarane i partia, og ungdomsskulen har òg sett dokumentaren "Til ungdommen".
På fredag var det tid for sjølve valkampen, og partia hadde klart mykje snacks og drikke for å lokka stemmer. Kvart parti skulle ha ein representant til ein debatt. Her er det tydelegvis fleire potensielle framtidige politikarar! Det kom mange gode innlegg frå elevane, og gode spørsmål frå publikum. Til slutt skulle alle elevane stemma på kva parti dei ønskja skulle vinna.
Og kven blei vinnarane av årets skuleval?
Det blei Rødt! Gratulerer med sigeren!
Elles gjorde òg Venstre og Senterpartiet eit godt val. Alle partia fekk stemmer.
Det blir spanande å sjå på måndag om Sinnes skule er einige med resten av landet.