Vårsøg
Du leiter ikkje, du finn! Det er i alle fall det Kvadrat sler seg på brystet med. Og heller ikkje me treng leita lenger. For no må me vel kunne seie at våren har gjort sitt inntog!
Publisert: 06.03.2026 14:54 Sist endra: aldri Forfattar: Torger Åge Sinnes
Med temparatur som høyrer ei heilt anna årstid til, drog me til Klampen att i dag. Lenge sidan sist. Og i dag hadde me fått hjelp av mellomtrinnet tidligare i veka. Dei hadde bygd borger til oss. Så desse kunne med fortsettja på. Me laga bål og kosa oss skikkeleg. Blaute...joda. Det blei me nok. Men all den tid det sikkert var tosifra i sola i det med snudde nasen heim att mot bussen og helga, så gjorde ikkje det all verda i dag. God helg!