Torsdag 23. april markerte me Verdas bokdag på Sinnes skule. Mellomtrinnet og ungdomsskulen starta dagen med forfattarbesøk og etter lunsj hadde heile skulen ei bokløype med ulike aktivitetar.
Mellomtrinnet og ungdomsskulen fekk besøk av forfattaren Arve Idar Thorkildsen, som har skrive bøkene "Den gylne engel" og "Bankran i Solstad". Han fortalde mellom anna om korleis han kom i gang med skrivinga, om prosessen, om erfaringa med forlaget og korleis han hadde skrive for revyen på Lura. Elevane fekk stilla spørsmål undervegs og fekk til og med høyra han sin versjon av "Liten fuggel".
Etter mat samla alle elevane seg til samling i gymsalen. Dei fekk litt informasjon om Verdas bokdag, som at Verdas bokdag blir feira over heile verda den 23. april. UNESCO har bestemt denne datoen, fordi denne datoen i 1616 var det tre kjente forfattarar som døydde (Miguel de Cervantes, William Shakespeare og Inca Garcilaso de la Vega). UNESCO er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon.
Mange av elevane hadde kledd seg ut som kjente bokkarakterar som dei viste fram. Så blei elevane delte i gruppene dei skulle vera i, og fekk testa kunnskapen sin om bøker på ein Kahoot.
Etterpå blei gruppene sendt ut på forskjellige postar, som Kortskalle, kopla lydbokutdrag med framside, bokstabling og anna. Ein kjekk dag der elevane fekk både testa kunnskaper og forhåpentlegvis fekk tips om kjekke bøker dei kan lesa i framtida.