Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<september 2026><<
september 2026
mtotfls
31010203040506
07080910111213
14151617181920
21222324252627
28293001020304
05060708091011
Gå til Google Classroom
Alt med måte....

Vel er det sommarregn, men ein stad går grensa sjølv på Sinnes skule, og i dag sette me den på 3 mm nedbør i timen.

Det er jo i seg sjølv ikkje så mykje, men det er jo ikkje så lenge sidan overnattingsturen til Børsteinen, og eg er usikker på om alle har turka opp etter den turen.

Difor fekk elevane eitt val i dag. Kle på seg og ta turen ut (finst jo som kjent ikkje dårleg ver, berre dårlege klede), eller bytta til turre klede (jepp....nokre var jo allereie blaute...) og ta seg ein tur i gymsalen med Tarzan-tikken. Overraskinga var jo ikkje veldig overraskande då det vart einstemmig tommel opp for det siste alternativet.

Så då bar det inn i gymsalen. Der var det 17. mai, jul og påskeferie på ein gong, for me tok ut ALT!

Det er utruleg kor fort tre skuletimar kan gå, for etter det som opplevdes som nokre straksar, var det med eitt tid for å rydda inn alt att. Så no er gymsalen klar for sommarferie!

Main Image
Bilete 1 av 4