I dag starta me dagen med å heisa regnbogeflagget på Sinnes skule.
Me ynskjer at alle som høyrer til skulen vår, skal kjenna på tryggleik og tilhøyrigheit, respekt og kunna bli sett for den ein er.
Me ynskjer å vera ein stad der alle møtast med det same menneskeverdet, og der kvar einskild får rom til å vera seg sjølv i fellesskapet.
Difor markerte me Pride med flaggheising, appell og musikk. Appellen vart framført av elevrådsleiaren vår.
Appellen:
God morgon, alle saman.
I dag flaggar me for å visa at på Sinnes skule er alle velkomne. Skulen skal vera ein trygg stad for alle barn og unge, uansett kven dei er eller kven dei er glade i.
Norsk skule er bygd på verdiar som inkludering, respekt for menneskeverd, likestilling og likeverd. Når me heiser regnbogeflagget, viser me at desse verdiane betyr noko i praksis. Me sender eit signal om at alle høyrer til i fellesskapet vårt.
Sjølv om mange har fått større fridom til å vera seg sjølve, blir menneske framleis utsette for diskriminering, krenkingar og hat på grunn av seksuell orientering eller kjønnsidentitet. Skeive barn og unge opplever oftare mobbing og utanforskap enn andre. For nokon kan det å bli sett, respektert og akseptert vera heilt avgjerande.
Derfor handlar denne markeringa om meir enn eit flagg. Ho handlar om å visa omsorg, respekt og støtte til kvarandre. Me ønskjer at alle på Sinnes skule skal kjenna seg trygge, verdsette og inkluderte.
Takk for oppmerksomheita!