Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Artikkel
Leitet
Leitet
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<august 2026><<
august 2026
mtotfls
27282930310102
03040506070809
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31010203040506
Gå til Google Classroom
Til Leitet for å leika og leita

Vekas tur gjekk fyrst til "Jørgen med sjøen" sitt hus, og deretter opp til Leitet forbi Torvald og Gunnhild sitt hus. Der opp fant me mange kjekke ting å halda på med, før me returnerte ned i ei bratt renne rett før skuleslutt.

Det var kjempehøgt gras der som me kunne leika gøymeleiken i. Supert! Så fann me eit digert slengtau som me kasta oss ut i. Andre hjalp soppar og små nedbrytarar med å knekka ned trevirke slik at det hamna på bakken. Skikkeleg samarbeidsoppgåve på tvers av alle trinna! Me smakte på rogneber. Det gjer dei fleste ikkje så mange gonger til. :) Så me måtte finna litt blåber å døyva rognebersmaken med. Heldigvis klarte me det, og eg trur dei fleste ende opp med blå, eller lilla(!) tunge. Ein strålande dag på tur med mykje fin leik på tvers av trinna. Dei store var kjempeflinke til å hjelpa dei nye.

Takk for turen!

Main Image

Bilete 1 av 30