Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<oktober 2026><<
oktober 2026
mtotfls
28293001020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829303101
02030405060708
Gå til Google Classroom
DKS - Skinnverkstad og polarheltens hjelparar

I dag fekk me besøk frå Sofie Kleppe og Roni Öhman. Dei driv med skinnarbeid på Vågå, og hadde teke med seg ufatteleg mykje fint til oss her i dag.

Sofie fortalte om Roald Amundsen, og korleis han hadde fått hjelp av samar og inuittar til å få kunnskap nok til å kunne klare turen til sydpolen. Me lærte om ulike "uluar", verktøy for å arbeida med skinn, og me lærte om korleis ein garvar skinn og gjer det hårlaust eller mjukt.

Best av alt, var at dei hadde med seg litt resteskinn etter slik at me fekk prøva oss på å laga kvar sin pung i reinsdyrskinn som me sydde saman med lintråd som me trakk bivoks rundt.

Til slutt fekk me dekorera pungane med å væta dei i vatn og deretter "skriva" med eit metallverktøy på. Det gjorde vondt i fingran!

Main Image
Bilete 1 av 24