Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<oktober 2026><<
oktober 2026
mtotfls
28293001020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829303101
02030405060708
Gå til Google Classroom
0-visjon og Kulturell skulesekk på same dag

Alt skal inn i skulen heiter det, og me prøver så godt me kan på Sinnes. Så difor gjekk me rett og slett for BÅDE 0-visjon og Kulturell skulesekk på ein og same dag på tysdag.

Frå 0-visjonen Agder kom Ronni opp i frå Mandal og fortalte oss om ferdsel i trafikk, viktigheita av bruk av refleks, sikkerhetssele i bil og hjelm på sykkel. Han engasjerte elevane på ein flott måte, og då hjernemassen tøyt ut i frå demonstrasjonsegget utan hjelm, var det ikkje mange i rommet som tenkte at det er ein lur ting å la hjelmen bli att heime fordi sveisen ikkje skal bli øydelagd.

Grete kom frå i frå Stavanger og synte oss kortfilmen "Kråkeungen". Den handlar om korleis me skal ta vare på kvarandre og at me er ulike med ulike interesser...og at det er heilt greit! Kjempeengasjerande seanse frå Greta der ho rettleia oss gjennom filmen med bruk av ballettsko og ekte kråkefjører.

Takk til både Grete og Ronni for kjekke opplevingar denne veka!

Main Image
Bilete 1 av 9