På ein fantastisk haustdag drog me ned til Klampen med heile småtrinnet.
På planen stod "rakettoppskyting" med analog rakett. Det har jo i lang tid vore ekstremt vindstille, og i dag var dagen då me kunne leika oss med lanterna til stort engasjement frå elevane.
Elles var det mykje leik på mange kantar i dag. Butikk og familie var på tapetet, og nokre bygde hus.
Ein strålande dag å vera elev på Sinnes skule!