Meny
VELG KLASSE Framside
Kleivhaugen 2 5392 STOREBØ
Telefon: 55081300 Faks: 55081301 Send e-post til oss
Redaktør: Anders Hjelle
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<november 2019><<
november 2019
mtotfls
28293031010203
04050607080910
11121314151617
18192021222324
25262728293001
02030405060708
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Gå til Its Learning
Føring av fråvær på vitnemålet

KRAV OM AT FRÅVÆRSDAGAR SKAL GÅ TIL FRÅTREKK PÅ VITNEMÅLET

I forskrift til opplæringslova står det i § 3-41:I grunnskulen skal alt fråvær frå og med 8. årstrinn førast på vitnemålet. Fråværet skal førast i dagar og timar. Enkelttimane reknast i 60-minutts einingar. Enkelttimar skal ikkje konverteres til dagar. 

Føresette/eleven kan krevje at årsaka til fråværet blir ført på eit vedlegg til vitnemålet. Det er føresette/eleven som har ansvaret for å dokumentere årsaka til fråværet og krevje at dette blir ført på vedlegget. Dersom det er mogeleg skal eleven leggje fram dokumentasjon av fråværet frå opplæringen på forehand. 

Føresette/eleven kan krevje at inntil 10 skoledagar pr. opplæringsår ikkje blir ført på vitnemålet dersom fråværet skyldast dokumenterte helsemessige årsakar eller innvilga permisjon. For å få strøket sjukefråvær frå vitnemålet frå og med den fjerde sjukedagen, er det krav til dokumentasjon frå lege, det er ikkje tilstrekkeleg med melding fra foreldra. Dersom det ikkje føreligg legeerklæring kan ikkje skulen stryke fråværet frå vitnemålet. Fråvær som skyldast helsegrunnar må vare meir enn 3 dagar, og det er berre fråvær frå og med fjerde dagen som kan strykast. Ved dokumentert risiko for fråvær av helsemessige grunnar på grunn av funksjonshemming eller kronisk sjukdom, kan fråvær strykast frå og med første fråværsdag. Føresette/eleven må krevje at fråvær ikkje skal førast

Krav om frådrag skal på eige skjema innan 1. juni kvart av skoleåra 8., 9. og 10. klasse. Kravet kan ikkje ha tilbakevirkande kraft. (Skjema finn du oppe til høgre under "vedlegg")

Venleg helsing 

Anders Hjelle

Rektor