Meny
VELG KLASSE Framside
Kleivhaugen 2 5392 STOREBØ
Telefon: 55081300 Send e-post til oss
Redaktør: Anders Hjelle
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<april 2024><<
april 2024
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Retningslinjer, søknad om elevpermisjon

Opplæringslova § 2-11 seier følgande om permisjon frå den pliktige opplæringa:

Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gje den enkelte elev permisjon i inntil to veker.
Elevar som høyrer til eit trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere vekke frå skolen dei dagane trussamfunnet deira har heilagdag. Det er eit vilkår for retten at foreldra sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjonstida er ute. 

Å få permisjon frå undervisninga er ikkje ein rett etter opplæringslova § 2-11, men etter søknad kan kommunen altså innvilge inntil to veker når kommunen finn det forsvarleg. I Austevoll kommune er dette spørsmålet delegert til rektor ved den einskilde skule. Kontaktlærar kan innvilge fri inntil 1 dagar. Permisjon utover 1 dag skal søkast om på eige skjema og blir handsama av rektor.

Når søknader om permisjon skal vurderast, må ein ta omsyn til den einskilde elev og vurdere om eleven med dette får ei forsvarleg grunnskuleopplæring. Permisjon kan ikkje gjevast utover to veker Dersom dei føresette ønskjer å ta eleven ut for ein lengre, samanhengande periode utover to veker, må dette sjåast på som privat undervisning, jfr § 2-13. Eleven blir difor formelt skriven ut frå skulen som elev, og foreldra/føresette har det fulle ansvaret. Dersom ein elev er vekke frå opplæringa utan innvilga permisjon eller utover den permisjonen som er gitt, blir dette rekna som udokumentert fråvær

Opplæringa som eleven mistar ved permisjon, har eleven ikkje rett til å få erstatta seinare

Rutinar for når skulen kan/kan ikkje innvilge permisjon 

a. På Austevoll ungdomsskule skal det ikkje innvilgast permisjon i periodar med førebuing og gjennomføringa av:
- statlige kartleggingsprøvar
- nasjonale prøver
- halvårsprøvar, munnlege og skriftlege
- eksamen, munnlege og skriftlege
b. Det skal normalt ikkje innvilgast permisjon den første veka i skuleåret. Dette gjeld alle klassetrinn.
c. Det skal normalt ikkje innvilgast permisjon til ferie.
d. Det kan innvilgast permisjon ved deltaking på idrettsarrangement, på nasjonalt eller internasjonalt nivå. Det skal normalt ikkje gjevast permisjon til samlingar eller liknande, berre sjølve konkurransen og nødvendig reise til og frå konkurranstaden.
e. Det kan innvilgast permisjon til ulike familiearrangement. Det kan også innvilgast permisjon ved alvorleg sjukdom, dødsfall eller gravferd i den næraste familie. Permisjon etter denne bestemmelsen kan
gjevast i periodar der det er førebuing og gjennomføring av prøver som nemnt i bokstav a), og ved skulestart som nemnt i bokstav b).

Siste halvår på 10. årstrinn er viktig fordi elevane skal ha sluttvurderinga i denne terminen (standpunktkarakter og eksamenskarakter). Det betyr at det vanlegvis ikkje er forsvarleg å gje permisjon over fleire dagar i denne terminen.

Link til digitalt søknadsskjema finn du her