Meny
VELG KLASSE Framside
Kleivhaugen 2 5392 STOREBØ
Telefon: 55081300 Faks: 55081301 Send e-post til oss
Redaktør: Anders Hjelle
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<juni 2020><<
juni 2020
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Vervarsling frå yr.no, levert av NRK og Meteorologisk institutt
Gå til Its Learning
Heimeskule

Elevaktivitet via TEAMS

I morgon blir det ein spanande dag både for elevar og lærarar i Austevoll. Digital heimeskule er nytt for mange, og i tillegg kan vi rekne med at det er svært mange som skal på nettet samstundes. Vi må rekne med at dette kjem til å by på utfordringar. Vi som skule og de som føresette må sørgje for at ungdommane ikkje blir unødig stressa og uroa. Den viktigaste oppgåva vår er å tryggja dei og støtta dei, samstundes som vi prøver å oppretthalde gode rutinar og gje opplæring. I dagane framover er det lov til å prøve og feile, og så satsar vi på at denne forma for undervisning vil gå lettare etter kvart. Frå skulen si side er det ikkje testing, måling, karakterar og merknadar som er hovudfokuset desse første dagane. Målet vårt er å sikre at vi er i kontakt med alle ungdommane våre og å følgje dei opp så godt vi kan. Her treng vi godt samarbeid og hjelp frå heimane for å lukkast. Ikkje få panikk om ikkje alt går etter planen frå første dag.

Målet vårt er at alle elevar skal vere pålogga frå kl.0900-1300 kvar dag og få arbeidsoppgåver via Teams. Ta kontakt med din kontaktlærar via Teams frå kl.0900 måndag 16.mars viss du lurer på noko.