Selbjørn skule er ein barneskule med om lag 175 elevar og 33 tilsette.
Meistring og trivsel er skulen sitt motto. Skulen er med i
Trivselsleiar-programmet, og er ein Kolibri-skule.
Skulen ligg flott til i
vakre Bekkjarvik, der det er gode handels-, kultur- og servicetilbod. Selbjørn skule har gode undervisningsrom, idrettshall, kultursal og god musikkavdeling med
auditorium. Her er særs gode uteområde, med kunstgrasbane, tennisbane,
sandvolleyball, leikepark og ballbinger. I nærområdet er det sandstrand, flott
park og gode turløyper.