Referat Fau-møte 19.10.2021
Fau ved Selbjørn skule hadde møte 19.10.2021.
Medlemmar Fau 2021-2022:
1. Helene Drivenes
2a. Yvonne Vassnes
2b. Bjørnar Tøkje
3. Laila Taraldsen
4. Charlotte Haukanes
5. Ingeborg Forland
6. Lene Gramstad Vik
7a. Jan Roger Dalseide
7b. Christian Halstensen
Publisert: 21.10.2021 12:35 Sist endra: 21.10.2021 12:35 Forfattar: Trygve Fjeld
FAU-møte 19.oktober 2021
Selbjørn skule, kl. 1930-2100.
Til stades: Christian Strand
Halstensen, Bjørnar Tøkje, Lise Torgersen Bunes, Laila Taraldsen, Helene
Drivenes og Trygve Fjeld.
Sak 1 – val av referent, nestleiar og
leiar.
Referent: Helene Drivenes
Nestleiar: Lene G. Vik
Leiar: Jan Roger Dalseide
Sak 2 – Helseverngodkjenning
Rektor informerer om kontroll på skulen
onsdag 20.oktober.2021, der skulen skal få helsevernsgodkjenning.
Kommuneoverlegen må godkjenne det som kjem ut av rapporten. Rektor ynskjer at
ein frå FAU blir med på denne kontrollen, Christian Halstensen melder seg til
dette.
Sak 3 – Omvisning på bygget
Rektor viser kjøkkenet oppe ved hallen.
Der ynskjer dei å kjøpe ein ny ovn, som vil kunne gjere tillaging av varm lunsj
meir effektiv. Viser del av gang der dei har laga til eit museum, med
utstillingar frå før i tida. Her håper dei å få fleire ting utstilt.
Sak 4 – Skulegardsundersøking
Skulen har gjennomført skulegardsundersøking,
der alle elevane har hatt samtale med sin kontaktlærar om korleis dei har det i
friminutta. Der kjem det fram nokre ting dei skal jobba vidare med, og mykje
som er bra. Positivt at så og sei alle kjenner seg trygg ute i skulegarden.
Sak 5 – Budsjett
Rektor informerer om at dei per dags dato
er innafor budsjettet, og at det ser bra ut. Skal i møte om budsjett for 2022 i
morgon 20.oktober.
Sak 6 – Referat frå elevrådsmøte
Rektor har med referat frå elevrådsmøte.
Går gjennom referatet.
Sak 7 – Anna
FAU vil skryte av dei tilsette på skulen
for handtering av trafikk på morgonen. Dette er noko som fungerer godt.
Tre firma skal gje anbod på å fikse scene
i sal. Håper på snarleg svar på det.
Diskuterer om det er interesse for å
arrangere Halloween for elevane. Eventuelt for 1-3 trinn, om 4-7 skal bli
arrangert av 7.trinn.