Endeleg kunne dei nye TL'ane få starta jobben som trivselsleiarar for resten av skulen. Dei skal jobba for betre trivsel i friminutta for medelevane sine.
Fredag 2.februar kom TL'ane frå Kolbeinsvik Motessori og Storebø skule til oss her på Selbjørn og me hadde eit kjekt leikekurs i hallen vår. Der lærte me 10 nye leikar som me gler oss til å visa og læra alle her på Selbjørn skule.
I dag braka det laus med 8 leikar som TL'ane lærer dei og til slutt kom alle til hallen og leika Bulldog. Mykje aktivitet, leik og morro på ein slik dag. Så gler me oss til resten av året og mykje aktivitet og leik i friminutt og undervisning :)