Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mai 2025><<
mai 2025
mtotfls
28293001020304
05060708091011
12131415161718
19202122232425
26272829303101
02030405060708
Gå til Google Classroom
Skyttelen går

Skyttelen går, att og fram, og veven veks. Smøying er meir puttel, men har ein først forstått systemet, kan ein smøya og snakka om ein annan.

Alle i 7. klasse på Sinnes og Tonstad skule har to dagar saman med Sirdal husflidslag og Berit Ovedal for å læra å veva og smøya. Det er ein del av den lokale skulesekken, for gamle handverkstradisjonar må haldast i hevd. Framtida ser lovande ut, for her var alle ivrige og jobba godt, så arbeidet vaks fram under hendene deira.

Tusen takk så langt til Sirdal husflidlag og Berit Ovedal for god opplæring. I morgon byttar elevane teknikk, så alle får prøvd både veving og smøying. Og lurer nokon på kva smøying er, så er det teknikken ein lagar sokkeband, m.a. til Sirdalmannsbunaden, med.

Main Image

Bilete 1 av 10