Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Sirdalsvegen 7352 4443 Tjørhom
Telefon: 90692706 Send e-post til oss
Inspektør: Kristina Smedegård
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<september 2025><<
september 2025
mtotfls
25262728293031
01020304050607
08091011121314
15161718192021
22232425262728
29300102030405
Gå til Google Classroom
Hausten er over oss, og jakta er i gang. I dag hadde 1. -4. klasse ein tur til Øyna og såg på naturutstillinga av dyr som er i området. Me lærte om gråbein og skrubb, betre kjend som ulv. Me såg ei ugle og eit rådyr. Ein liten reveunge var det òg. 

Sirdal kommune ynskjer innspel frå innbyggjarane.

8. og 9. klasse er på plass i Flekkefjord arena for å delta på TL-kurs. 

Dei er delte i grupper og skal læra ti ulike leikar før dei til slutt skal ha nokre fellesleikar. 

Dei andre på skulen kan gleda seg til at TL startar opp, for her lærer dei mykje kjekt!


Som mange sikkert har fått med seg, har mellomtrinnet og ungdomsskulen denne veka arbeidd med skuleval. Tru kven som har drive den beste valkampen, og stakk av med sigeren i skulevalet?

Dagens tur gjekk frå skulen, forbi Sinnesvatnet og alt liv som finst der, bort til Kvednhusbakken.

Når 10. klasse får avlyst eksamen, er det på sin plass at me små tek oss av eksamen på Sinnes. Difor vart eksamen i turfaget i 1. og 2. klasse i dag avlagt. Oppgåva var Sinnesvatnet rundt.