Meny
Framside
1. og 2. klasse
3. og 4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
Gå til Google Classroom
Verdas bokdag 2021

Årleg tradisjon gjer at me feirar Verdas bokdag på Sinnes kvart år. UNESCO markerer verdas bokdag 23. april for å hylla bøker og forfattarar, samt for å oppmuntra alle til leseglede. 

23. april 1916 døydde tre store forfattarar, Miguel de Cervantes, William Shakespare og Inca Garcilaso de la Vega. 400 år seinare vedtok UNESCO i 1995 at Verdas bok- og opphavsrettdag skulle bli markert på denne symbolske datoen kvart år. I dag feirar over 100 land verdas bokdag.

Verdas bok- og opphavsrettdag feirar bokglede, leselyst og det positive ved lesing. Bøker er ein link mellom fortid og framtid, ei bru mellom generasjonar og på tvers av kulturar. Dei er òg ein viktig del av den sosiale og kulturelle utviklinga til menneska.

FN sitt berekraftsmål 4 skal sikra at innan 2030 skal all ungdom og fleire vaksne læra å lesa, skriva og rekna. Denne dagen er derfor med på å belysa ein viktig del av FN sitt arbeid for ei meir berekraftig verd. Utdanning og inkluderande opplæring for alle er ein grunnleggande menneskerett og ein av dei viktigaste byggesteinane for velstand, helse og likeverd i alle samfunn.

Verdas bokdag på Sinnes blei markert på følgande måte:
1 Felles samling for heile skulen med høgtlesing av eventyret Tommelise
2 Kahoot med utgangspunkt i bøker elevane har hatt som høgtlesing i klassane. 
3 Bokbalanse der elevane skal balansera med ei bok på hovudet til laget sitt og teikna ein gjenstand som gruppa skal gjetta. Så gjer neste på gruppa det same og slik fortset det.
4 Bok-kobling der bøker som er blitt lesne i klassane dei siste to åra, er stilte ut. Elevane skal plassera bilde og gjenstandar der dei høyrer heime.
5 Hinderløype der elevane skal balansera seg gjennom med ei bok på hovudet. 
6 Bokling der elevane skal plassera bøker som bowlingkjegler og slå dei ned med ein tennisball.
7 Natursti på biblioteket der elevane får i oppdrag å finna ulike bøker. Det kan vera ei bok av Roald Dahl, bøker om hest, ei bok med raud tittel, ei bok du har lyst å lesa og korfor du vil lesa ho og fleire liknande oppgåver.
8 Stafett med bøker der gruppene er delte i to. Det er om å gjera å stela flest mogleg bøker av kvarandre.
Main Image
Bilete 1 av 27