Alpindag i Ådneram 11. mars
Me fekk ein nydeleg dag i Ådneram skitrekk fredag 11. mars. Strålande sol og god temperatur gjorde dagen super! Ein del vind førde til at fjelltrekket var stengt. Dei ivrigaste alpinistane fekk ikkje boltra seg så mykje som ønskeleg, men litt hopping blei det for det. Nybegynnarane fekk òg prøvd seg på slalåmski og læringskurven har vore bratt, men god, for alle.
Takk til skitrekket som halde ope for oss og lot oss bruka grillbua til felles lønsj!