Topptur rett etter påske plar vera synonymt med skitur og snø. I år er det ikkje slik....
På planen i dag stod det å halda naturen rein. Me gjekk fyrst til topps av Andestjørnknuten, før me rydda opp i grøftekanten på veg heim att i frå Ankerhaugen og heim til skulen.
Vegen opp var tung. Det gjekk i motbakke. Men med nok pausar og litt matauk på spansk kjørvel og gauksyre undervegs, kom me omsider til topps.
Der fann me ein diger flytstein. Denne var så pass stor, at det var uråd å klatra opp på han åleine. Eg trur me gjerne kan døypa denne til "Teambuildingsteinen" frå no av. Elevane fann sjølve ut at dei skulle ha opp ALLE på toppen. Jamvel nokre som ikkje var særs interesserte i å koma opp i høgare luftlag til å byrja med, fekk gneisten då dei var "påkalla frå oven". Og det skal dei ha, 1. og 2. klasse. Med innsatsvilje, kreativitet og stå på-mot, kom alle opp til slutt. Men ned att? :o
Det vart jo ei råd med det òg, og då nokre tok til å hoppa frå det høgaste og ned, på deileg, mjuk gamal mose som vart kasta ned, var det ikkje lenger eit problem.
Masinga om pause, og at det var bratt, var fordufta på same måten som snøen i år.
Takk for turen!
PS. Me fekk knapt ein handlepose med oss attende med søppel etter turen. Gledeleg, etter at det jo var relativt folksamt her i påskeferien. DS