Meny
Framside
1. klasse
2. klasse
3. klasse
4. klasse
5. klasse
6. klasse
7. klasse
8. klasse
9. klasse
10. klasse
Calendar
Title and navigation
Title and navigation
<<<mars 2026><<
mars 2026
mtotfls
23242526272801
02030405060708
09101112131415
16171819202122
23242526272829
30310102030405
Gå til Google Classroom
Fysak i haustsola

Endeleg dukka sola opp att! Det var fantastisk å ta med elevane til Klampen i dag, og ha litt fysisk aktivitet i ei låg haustsol.

På veg ned hadde me innslag frå "NM i gjemsel". Om å gjera å gøyma seg så nære ein kan. Veldig kjekt når det er høgt gras å gøyma seg i.

Då me kom ned på sjølve Klampen, hadde me henta inspirasjon frå "Mesternes mester". Me starta difor med å leita etter ulike gjenstandar rundt omkring i området. 1. og 2. skulle finna ut kor mange det var av kvar gjenstand. 3. og 4. måtte òg gjera det, men i tillegg gjera ei utrekning. Kjempekjekt å sjå det store engasjement, og dei ulike strategiane som kom for ein dag.

Så var det 90-gradaren. Sjølvsagt! Fantastisk innsats gjorde at me måtte kåra ein vinnar blant gutane, og ein blant jentene. Elles kan det vera at det ikkje hadde vorte helg denne veka...

Vidare vart det ei fargekodeøving, der ein antan skulle gå fram, bak eller stå stille. Kjempe innsats frå alle også der.

Då gjorde det godt å avslutta dagen med frileik. Nokre fann hoppetau og koste seg masse med det, andre igjen tok til å bygge trehytte.

God helg!

Main Image

Bilete 1 av 3