...eller gratulerer med samanes nasjonaldag, som det heiter på nynorsk. I dag markerte me dagen med tradisjonell samisk snarefangst.
Elevane fekk fyrst sjå Åseral kommunes film om "snoring". Deretter var det tid for praksis. Me såg på ulike utgangspunkt for å laga snører for å setta i snorene. "Balletau" som det moderne innslaget, eller det tradisjonelle hestetaglet.
Derette lærte me litt om "bråm", og kva rypene et i dei ulike årstidene.
Så gjorde me eit forsøk på å setta opp ei. Korleis vert dei fanga? Dei døyr av blodpropp i hjernen, ja? Me snakka òg om kva dei vart nytta til. At ein ikkje åt rypene sjølv her i Sirdal (eller andre stader for den del), fordi ein fekk meir att for dei ved å selja dei som eksotisk kulinarisk mat i byane.